Kronestabilisering
Kronestabilisering
Kronestabilisering – sikring av tre i Bergen og omegn
Nokre tre kan utvikla svake greinfeste, sprekker eller strukturelle problem som gjer dei ustabile. I slike tilfelle kan kronestabilisering vera ei god løysing for å forlenga levetida til treet og redusera risikoen for brot. Jørgensen Treservice tilbyr profesjonell kronestabilisering i Bergen og omegn, utført av ETW-sertifisert trepleiar med spesialkompetanse innan trepleie og sikkerheit.
Kvifor trengs kronestabilisering?
• Forhindra brot og skadar – Svake greiner kan brekka i uvêr eller under tung snø.
• Bevara verdifulle tre – Gamle, vakre eller verna tre kan reddast i staden for å fellast.
• Tryggleik for omgjevnadene – Reduserer faren for skadar på eigedom, bilar og personar.
• Miljøvennleg alternativ – Ikkje alle tre treng å fellast – med riktig stabilisering kan dei få eit lengre liv.
Korleis fungerer kronestabilisering?
Me monterer spesialtilpassa dynamiske eller statiske kablar i trekronene for å avlasta svake greiner og fordele belastninga betre. Systemet gjer at treet kan røra seg naturleg, samstundes som risikoen for brot vert redusert.
Våre tenester innan kronestabilisering
• Inspeksjon og vurdering – Me undersøker treet for strukturelle svakheiter og kjem med anbefalingar.
• Installasjon av støttesystem – Montering av dynamiske kablar (som gir noko rørsle) eller statiske kablar (for alvorlege svekkingar).
• Vedlikehald og oppfølging – Me kan inspisera og justera kablane etter behov for å sikre optimal funksjon.
Kvifor velje oss?
• ETW-sertifisert trepleiar – Me har spesialkompetanse på trygg og korrekt montering av kronestabiliseringssystem.
• Skånsam og effektiv metode – Bevarer treet i staden for å felle det unødvendig.
• Gratis befaring – Me vurderer treet ditt og finn den beste løysinga – heilt utan kostnad eller forplikting
Bruksområde