top of page

Trefelling

Trygg og profesjonell trefelling

Trefelling

Trygg og profesjonell trefelling

Nokre tre kan bli for store, sjuke eller stå på ein plass der dei utgjer ein fare for omgjevnadene. Då kan det vera nødvendig å fella treet på ein trygg og kontrollert måte. Jørgensen Treservice tilbyr profesjonell trefelling i Bergen og omegn, utført av ETW-sertifisert trepleiar med lang erfaring.

Når bør du fella eit tre?
• Sjukdom eller råte – Dersom eit tre har sopp, råte eller er dødt, kan det bli ustabilt og utgjera ein fare.
• Skade på eigedom – Røter kan skade murar, leidningar eller drenering, og store greiner kan utgjera ein risiko for hus og bygningar.
• Lys og plass – Nokre tre blir for store og skuggar for lys eller tar opp verdifull plass i hagen.
• Sikring mot uvêr – Svake eller gamle tre kan brekke i kraftig vind og forårsake skade.

Kva trefellingstenester tilbyr me?

Me tilpassar kvar jobb etter treet sin storleik, plassering og omgjevnader:
• Vanleg trefelling – Treet blir fellt i eitt stykke dersom det er nok plass til ein kontrollert nedtaking.
• Seksjonsfelling/klatring – Ved tre nær hus, vegar eller andre hindringar klatrar me opp og tek det ned i mindre delar.
• Felling med kran – For ekstra krevjande situasjonar kan me bruke kran for å fjerna treet trygt.
• Tomterydding – Fjerning av fleire tre for klargjering av tomt til bygging eller landskapsendring.

Kvifor velje oss?
• ETW-sertifisert trepleiar – Me har fagkunnskapen som sikrar trygg og korrekt trefelling.
• Sikkerheitsfokus – Me tek nødvendige omsyn for å unngå skade på bygningar, vegar og omgjevnader.
• Effektivt og ryddig – Etter felling kan me også tilby stubbefresing og opprydding.
• Gratis befaring – Me vurderer situasjonen og kjem med den beste løysinga for deg – heilt utan kostnad eller forplikting.

Bruksområde

Jørgensen Treservice
Orgnr: 927 036 665
tlf: 47 36 25 29

 
Jørgensen Treservice er ein arborist med hjarta for faget; me gjer beskjæring og trefelling i Bergen og omegn.
bottom of page